Årets nykommer

1. pris

«Alt maktar eg i Han som gjer meg sterk». Dette står i Filipparane 4, 13, eit populært bibelvers blant unge kristne. Å ta tatovering er framleis omdiskutert i fleire kristne miljø, men det vert meir og meir vanleg. Her har Helene, i likskap med fleire andre, tatovert ein kross på armen og inkludert bibelverset i tatoveringa som ei påminning til seg sjølv.

Matilde Solsvik

Bilder Nordic

Min båt er så liten

«Min båt er så liten og havet så stort, men Jesus har grepet min hånd. Når Han styrer båten, så går det så bra, på veien til himmelens havn.» Denne kristne barnesongen har eg sunge og høyrt uttallige gongar i barndommen, både ved sengekanten, i bilen og i kyrkja. Fram til for nokre år sidan var nesten alt eg gjorde innanfor det ein kan kalle ei kristenboble. Eg har vakse opp i ein kristen familie, eg hadde for det meste kristne vener, deltok på kristne aktivitetar, jobba i kyrkja, gjekk på bibelskule og hadde heile livet mitt her. Her er det eigne trendar og eit eige språk, som eg snakkar flytande. Då eg byrja å studere, skjønte eg at det var enno mindre vanleg å vere ung og religiøs enn eg trudde.

Eg var fascinert og stilte meg sjølv spørsmålet som også mange andre stile meg; kva er det eg eigentleg trur på? I møtet med eit sekulært samfunn vert eg utfordra ved å møte den nye og moderne måten å leve og tenkje på, samtidig som eg har vakse opp med å tru på ein fleire tusen år gamal religion med andre verdiar og levemåtar. Dette kjenner dei fleste unge kristne seg igjen i.

Juryens begrunnelse

En veldig fin og spennende serie som viser et følsomt miljø som fotografen har navigert på en ansvarlig måte med god tilstedeværelse. Enkeltbildene er enormt sterke med varierende blikk og lys. Fotografen unngår klisjeer, og spesielt fest- og russebildet er viktige.

Ein vanleg måte å syne at ein er kristen på er å ha kross rundt halsen, slik David har her. Det er ikkje alltid like lett å seie at ein er kristen, men med smykket vert det lettare å vise det.

Elias, bror min, slappar av i senga si på internatrommet. Saman med unge kristne frå heile landet går han på bibel- skolen Fjellhaug. Veggane på rommet er dekorert med både konsertplakatar av The Clash, bibelvers og bilete av vener.

Idun er tilbake i klasserommet på Kongshaug Musikkgymnas, den kristne internatskulen ho gjekk på då ho vart kristen.

Ein gjeng med Kruss, kristen russ, på Framnes Kristne Vidaregåande skule vert distrahert av medelevar som leikar utanfor auditoriumet. På fleire av dei kristne internatskulane er det meir vanleg å vere Kruss, enn vanleg russ. “Jeg drikker bare brus, for Jesus er min rus”, er eit kjend sitat som fleire har på dressen.

Ungdom i full ekstase på konsert med kristenkjendisen Lisa Børud på eit lovsongsarrangement i Øygarden kommune. Her dansar og syng dei med til «Tøff nok» med full innleving.

Anne sit i møtesalen på leirstaden Havglimt. Ho har brukt det siste halve året på disippeltreningsskule og er no klar til å bruke hausten til å vere leiar på ein annan disippeltreningsskule for å utruste andre til å fortelje om Jesus.

Teologistudent Erlend lyser velsigninga over menigheten i Fjell kyrkje kvar han har jobba som ferievikar. Han har tatt valet om å studere teologi, men er usikker på om han skal bli prest. Det er han ikkje åleine om, det er færre og færre som vel dette yrket.

Logoen til Adresseavisen
Logoen til Aftenposten
Logoen til Bilder Nordic
Logoen til Bergens Tidende
Logoen til DN
Logoen til Foto.no
Logoen til M24
Logoen til Morgenbladet
Logoen til NRK
Logoen til Sony
Logoen til VG